WILLIAM 2,5 ÅR

Da er tida her for ein liten utviklingsrapport. Denne er laga mest for min egen del, så det er ikkje sikkert den interesserer så veldig mange andre! ;o)

William er ein sosial og aktiv liten gutt, som elsker mennesker - store, som små. Barnehagen er hans leike - og utviklingsarena, der han stortrivas. I barnehagen leikar han like godt med dei minste barna, som med dei største. Han ser nok veldig opp til dei store guttane! Han he begynt å sei tulleord, og han ler godt når han sei han skal til "Badehagen" ;o)

Ellers er han ein liten knotefant, som blander bokmål og mors dialekt. Det fører til ein del komiske utsagt! Han er blitt veldig flink til å snakke, og han gjer seg forstått for dei alle fleste. Antall ord i setningane hans varierar veldig, alt fra tre til seks ord. Det må jo seiast å vere bra? Fargar, tall og telling er fortsatt hans interessefelt, så der er han god.

Musikk og sang er kult, så lenge Mamma ikkje syng. Hvis eg syng til sangane på barnetv e.l, så kjem han burt og legg handa over munnen min, og sei: "Ikke synge, Mamma!". Men nattasangar derimot, dei kan eg synge.. ;)

William er i besittelse av ein utruleg fantasi. Han er i ein alder der han ikkje heilt klarer å skille mellom fantasi og virkelighet. Han er livredd for troll og spøkelser! Han tør ikkje vere aleine, så han heng rundt beina mine til einkvær tid. Det er til tider komisk, men veldig slitsomt. Slitsomt for både meg og han, for det er ikkje noko godt å vere redd og engstelig.

På søndag kasta William sutten sin til kråka, og sovna uten sutten for fyrste gong! Det gjekk veldig greit, og det blei ikkje noko tull. Han fortalte det til barnehagetanta på mandag, da var han stolt! Men, barnehagetanta som hadde seinvakt og som skulle legge han, hadde ikkje fått med seg det. Så når det dukka opp ein sutt i vogna, ga ho den til han. William takka selfølgelig ikkje nei, og sovna med sutten ;o) På kvelden igjen så spurte han etter den, men han huska jo på at han ha gitt den til kråka... ;o) Igjen, sovna uten tull. I dag har han ikkje spurt etter den, og eg er på evig suttejakt for å finne alle dessa han har gjømt. Ska tru om detta gjeng bra? Eg trur det :o) Det er jo eg som må stålsette meg, og ikkje gje meg... Det sit litt langt inne av og til! Den sutten er jo så kjekk å ha på lange bilturar.....

William bruker nå str 92 i klær, og 23 - 24 i sko. Vekt og lengde er uvisst, en eg vil tippe 12,5 kg og 90 cm lang.

Tatt etter joletrefest i bhg i januar. Ein sliten William, med bustete hår ;o)

Én kommentar

Elisabeth

20.01.2013 kl.19:21

Så søt han er ! :) Kommentere tilbake ?

Skriv en ny kommentar

hits