OPPDATERING FRA VÅR FERIE TIL HURGHADA

Natt til fredag 2.mars satte Karoline, Tonje, Mari, William og eg snuten til Gardermoen. Vi reiste fra Porsgrunn klokka 01, for å ha god tid - ein veit jo aldri, og med barn så kan det skje ting. Vi var framme i god tid på flyplassen, sjekka inn bagasjen og susa rundt på tax free'n, og tok ein matbit. William var pling våken heile bilturen, og eg såg jo for meg det marerittet på flyplassen med ein overtrøtt toåring. Men du verden, så snill han var! Han holdt ein av oss jentene i handa eller satt i vogna heile tida. Når flyet letta så drakk William ein smoothie slik at øregangane var åpne og han slapp å få vondt. Så fort vi var i lufta sovna lillegull og sov heile (!) flyturen på nesten 6 timar! Det var ein stolt, letta og rørt Mamma etter ein slik flytur, det kunne jo ikkje ha gått bedre!

Når vi kom ned og fekk innstallert oss, var det tid for klesskifte. På med shorts og t-skjorte og ut i varmen - trudde vi. Men neida, så fort vi var utafor døra måtte vi inn og skifte igjen. Varmt var det alldeles ikkje! Jakke og langbukse i Egypt?! Guri, så skuffa vi var. Det blåste noko forferdelig dei to fyrste dagane. Så skjer det unngåelige - William stupar på hovudet ut av vogna si, rett på ei steintrapp! Det føltes ut som om livet mitt falt i grus, i det sekundet det skjedde. Eg og William reiste fra vår leilighet og opp til dei andre jentene, for å hente dei til middag. Fra leiligheten gjekk det ei rampe ned, vedsidan av trappa. William stod i vogna, eit resultat av tankeslaushet hos meg, og når eg ska trille ned den lille nedfallsbakken på 1 meter, så ska William ta vekk ein kvist fra ansiktet. Han mister balansen og dett med hovuudet på trappetrinnet av stein. Eg såg alt i sakte film, men ikkje sakte nok til å klare å ta imot han. Han hadde omtrent ikkje detti før eg hadde han i armane og la på sprang. "Nå er han død", tenkte eg. Og turte ikkje kikke ned på han. Han sa ingenting, og eg sprang, hylte og grein som eg aldri he gjort før. Då vi var nesten framme ved hotellet, sei William: Mamma, ikke pinge fojt! "Han lever!", tenkte eg. Nå kan eg sjå ned. Eg sakka tempoet, og kikka ned på han. Blod. Det var alt eg såg! Eg hylte og skreik, og viste følelsar eg ikkje visste eg var i besittelse av. Utafor hotellet traff eg eit nydelig engelsk par, som skjønte at eg trengte hjelp. Jenta sprang inn i resepsjonen og fekk ordna med ambulanse, og gutten støtta meg og sørga for at eg fekk drikke litt. Følelsane som satt i følelsesregisteret mitt løp løpsk og alt bare kom ut. Blod, bandasje, ein forslått liten gutt og ein heilt forferdelig skyldfølelse var det eg satt igjen med. William blei redd av meg, og alle folka som strømte til. Dette skjedde selfølgelig midt i middagsrushet, så det var mange som ville hjelpe.

William ser på meg og sei: "Mamma ikke lei seg?" Herregud, tenkte eg. Nå må eg skjerpe meg. Min jobb er å sørge for å gje William ro og få han til å føle seg trygg. Ta deg for f*** sammen, Marthe! Eg fekk samla meg litt, og sang alle slags sangar for han, for å roe han ned. Nå gjekk det bedre. Etter 25 minutt kom ambulansen, og Karoline blei med. Takk GUD, for det. I ambulansen skulle sjukepleiaren vaske vekk blodet til William, men den lille pjokken var jo så redd. Han skjønna ikkje det sjukepleiaren sa, og i tillegg var jo Mamsen eit vrak. Han kikkar burt på meg, og sei "jedd meg, Mamma!". Eg fekk bytta plass med sjukepleiaren, og fortsatte å vaske. Etter ein lang tur i ambulanse (ingen viker for ambulansa i Egypt, så det tek jo sin tid å komme fram!), blei vi møtt av eit stort team på sjukehuset, som stod klare. Dei er jo hakket galne etter små, lyse guttar, så oppmerksomhet fekk han nok av. William hata det. Han fekk satt inn ei kanyle i hånda, og dei klargjorde for både narkose og CT-scanning. Herrejesus, vi er på sjukehus i bakterienes land! Eg er nå endelig heilt rolig og he konstant augekontakt med lillegull og roar han ned så godt eg kan. Han blir scanna og lagt i narkose. Eg var heilt enig i at han skulle leggast i narkose, for å få best resultat av syinga. Han ville aldri ha roa seg nok med lokalbedøvelse. Eg var dritnervøs, dette var jo fyrste gong han skulle få narkose - ville det gå bra? Det var ein plastisk kirurg som sydde, og eg følte at vi var i trygge hendar. Det tok ein halv time å få sydd panna, og William var i dyp søvn.

Legar og sjukepleiarar kjem heile tida inn for å informere og sjekke tilstanden hans. Her var ingenting tilfeldig og alt blei grundig gjort. Karoline hadde vært ute og handla bleier, våtserviettar og litt snacks, så vi prøva så godt vi kunne å ikkje tenke. Ikkje tenke "kva hvis", for det som skjedde hadde skjedd, og det var ingenting å gjere med. Eg sleit. Det var jo min skyld. Han skal jo ikkje stå i vogna, eg veit jo det så inderlig godt! Han he ikkje hatt for vane å gjere det, men han hadde jo vært så snill heile tida, så eg tenkte ikkje. Rett og slett. Kvar gong eg lukka augene såg eg for meg skrekk-scenarioet. Følte meg som verdens dårligaste og verste mor. Eg, og bare eg, kunne ha forhindra det! Søvnen blei dårlig den natta, der eg låg inntil den lille klumpen. Den lille klumpen med kanyle og intravenøst i handa, den lille klumpen med kutt og sting i panna, den lille klumpen som er mitt ansvar, den lille klumpen som eg ofrar livet mitt for. Den lille klumpen var jo i god behold, det måtte bli mitt nye fokus. Eit kutt i panna og hjernerystelse, var det han kom ut med. Då han vakna halv 7 neste morgo, var han i god form. Ikkje kvalm etter narkosa, og ikkje dårleg etter hjernerystelsen. Alle testar var bra. Ein lettelse bredde over meg.

 På grunn av forsikringa måtte vi vere igjen på sjukehuset klokka 3, då skulle overføringa av pengane skje. Karoline og eg var som to akrobatar, der vi underholdt William. Han skulle holde seg mest mulig rolig, så her måtte vi vere kreative. ENDELIG var klokka 3, og vi fekk reise. Taxituren tilbake til hotellet var eit mareritt! I Egypt har dei ikkje hørt om vikeplikt, fartsgrense, setebelter eller barnesete. I bilen fantes det eit setebelte, så eg satte William på fanget mitt for å få han litt høgare opp. Sjåføren kjørte i 140 km/t, og vi var livredde! Vi skulle egentlig tilbake til sjukehuset på onsdagen for ein sjekk, men eg følte det var ein større risiko å køyre med William, enn å la vere å reise på kontroll. Etter ein samtale heim til Pappa'n var vi enige om å reise på sjekk. Eg snakka med reiseledaren og krevde ein ordentlig sjåfør, som kjørde seint. Onsdagen kom, og vi reiste på sjekk. Alt var fint og dei tok stinga! Ikkje visste eg noko om slik prosedyre, men etter heimkomst har eg hørt at i Norge tek dei stinga etter 10-14 dagar. Det syns, for å sei det slik, at stinga blei tatt altfor tidlig. Det er ikkje det finaste arret eg har sett.

Dagane frå fallulykka til heimreise tilbrakte vi stortsett i leiligheten. William skulle holdast i ro, og ikkje vere ute i sola. Han kunne heller ikkje bade! Dette for å forhindre infeksjonar og stygg arrdannelse. Ikkje akkurat drømmeferien, men som vi har kosa oss - tross alt! På torsdag tok vi ein dag inn til Hurghada by, åt på Hardrock Cafè og rei på kamel. Fredagen gikk til med reise, og igjen - flyturen gjekk som ein drøm. Lillegull hadde seg ein powernap i vogna på flyplassen og var våken heile flyturen. Eg hadde med pc og headset, så han kikka litt på film, men leika for det meste med dei andre ungane. Han oppdaga nemlig den siste dagen at det var norske ungar på samme plass..... Typisk ;o) Det hadde jo han hatt glede av tidligare i veka au!

Det er ikkje så varmt, men på stranda skal vi!

 

William, Mari, Karoline og Tonje

William storkoste seg i sanden! (før ulykka)

Heime fra sjukehuset, og William he fått selskap

Ein hoven William blir mata av servitøren, som syns William åt altfor lite.


Vi rir på kamel :o)






 

10 kommentarer

mammantiljessicaogbenjamin

20.mar.2012 kl.20:49

Stakkar lille!Godt det gikk så bra,gurimalla!
mammantiljessicaogbenjamin: Ja, det kan du sei! Ein opplevelse som er innprenta på netthinna for alltid! Heilt forferdelig...

Nina Emilie- Mammaen til Linnea

20.mar.2012 kl.21:29

Å herregud, hjertet i halsen!!! Godt det gikk bra! :-)

Karina

20.mar.2012 kl.22:12

Skummel opplevelse, men jammen godt det gjekk bra!

Eg har og erfaring med sjukehus i Egypt, dog ikkje med ein liten, men med ein stor gutt. Å den skal dei ha, me vart jammen godt passa på det døgnet me låg inne. Det høyres det ut som dåkke og gjorde =)

Lykkelig forelder

23.mar.2012 kl.18:58

Huff og huff! Hørtes ikke godt ut!
Nina Emilie: Ja, det var ein heilt grusom opplevelse. Unner ingen å oppleve det samme! Er så evig takknemmelig for at alt he gått bra :o)
Karina: Ja, det satte ein støkk i meg det altså. Er såå glad for at det endte godt :o) Det er nok ein av dei bedre behandlingsinstutisjonane eg he vært på, heldigvis. He ikkje eit vondt ord å sei om sjukehuset og behandlinga! :o)
Lykkelig forelder: Nei, det var ikkje godt for hverken mor eller barn det der. Heilt forferdelig! Håper du aldri opplever det!

Mamma på fulltid

03.apr.2012 kl.11:33

Det hørtes absolutt noe du skulle vært foruten på ferie, men så bra alt gikk bra:) og du er IKKE en dårlig mor. Uhell skjer! Du er en kjempe flink mamma:) Lykke til i praksis.
Mamma på fulltid: Ja, skulle meir enn gjerne vært foruten den hendelsen! Det he virkelig satt ein støkk i meg. Takk for gode ord, og i lige måde :) Praksisperioden er over, nå er det bare eksamenspiss igjen :P

Skriv en ny kommentar

hits