WILLIAM 2,5 ÅR

Da er tida her for ein liten utviklingsrapport. Denne er laga mest for min egen del, så det er ikkje sikkert den interesserer så veldig mange andre! ;o)

William er ein sosial og aktiv liten gutt, som elsker mennesker - store, som små. Barnehagen er hans leike - og utviklingsarena, der han stortrivas. I barnehagen leikar han like godt med dei minste barna, som med dei største. Han ser nok veldig opp til dei store guttane! Han he begynt å sei tulleord, og han ler godt når han sei han skal til "Badehagen" ;o)

Ellers er han ein liten knotefant, som blander bokmål og mors dialekt. Det fører til ein del komiske utsagt! Han er blitt veldig flink til å snakke, og han gjer seg forstått for dei alle fleste. Antall ord i setningane hans varierar veldig, alt fra tre til seks ord. Det må jo seiast å vere bra? Fargar, tall og telling er fortsatt hans interessefelt, så der er han god.

Musikk og sang er kult, så lenge Mamma ikkje syng. Hvis eg syng til sangane på barnetv e.l, så kjem han burt og legg handa over munnen min, og sei: "Ikke synge, Mamma!". Men nattasangar derimot, dei kan eg synge.. ;)

William er i besittelse av ein utruleg fantasi. Han er i ein alder der han ikkje heilt klarer å skille mellom fantasi og virkelighet. Han er livredd for troll og spøkelser! Han tør ikkje vere aleine, så han heng rundt beina mine til einkvær tid. Det er til tider komisk, men veldig slitsomt. Slitsomt for både meg og han, for det er ikkje noko godt å vere redd og engstelig.

På søndag kasta William sutten sin til kråka, og sovna uten sutten for fyrste gong! Det gjekk veldig greit, og det blei ikkje noko tull. Han fortalte det til barnehagetanta på mandag, da var han stolt! Men, barnehagetanta som hadde seinvakt og som skulle legge han, hadde ikkje fått med seg det. Så når det dukka opp ein sutt i vogna, ga ho den til han. William takka selfølgelig ikkje nei, og sovna med sutten ;o) På kvelden igjen så spurte han etter den, men han huska jo på at han ha gitt den til kråka... ;o) Igjen, sovna uten tull. I dag har han ikkje spurt etter den, og eg er på evig suttejakt for å finne alle dessa han har gjømt. Ska tru om detta gjeng bra? Eg trur det :o) Det er jo eg som må stålsette meg, og ikkje gje meg... Det sit litt langt inne av og til! Den sutten er jo så kjekk å ha på lange bilturar.....

William bruker nå str 92 i klær, og 23 - 24 i sko. Vekt og lengde er uvisst, en eg vil tippe 12,5 kg og 90 cm lang.

Tatt etter joletrefest i bhg i januar. Ein sliten William, med bustete hår ;o)

RUMPEØVELSE - KVINNETRENING

Som medlem av Kvinnetrening har du tilgang til ei rekke ulike øvelsar. Der finn du øvelsar for heile kroppen! Denne gang har eg valgt ut ein øvelse for rumpa. Ingenting er vel bedre enn å gå sommaren i møte med stram stuss? Denne har eg til gode å gjere på ball, eg har til nå bare brukt stepkasse. Og det er bare ein ting å sei; øvelsen er genial! Har du prøvd den??

Dersom du er interessert i å bli medlem av Kvinnetrening, eller har spørsmål. Så ikkje ver redd for å ta kontakt med dei!

 

Ligg på ryggen og plasser den ene foten på ballen. Legg armene ned langs siden, slapp av i skuldrene og trekk magen inn. Press hoften(bekkenet) opp mot taket så langt du klarer uten å svaie i ryggen og trekk ballen til deg. Hoften (bekkenet) skal være over gulvet
Trener: bakside lår, rumpe og kjernemuskulatur


OPPDATERING FRA VÅR FERIE TIL HURGHADA

Natt til fredag 2.mars satte Karoline, Tonje, Mari, William og eg snuten til Gardermoen. Vi reiste fra Porsgrunn klokka 01, for å ha god tid - ein veit jo aldri, og med barn så kan det skje ting. Vi var framme i god tid på flyplassen, sjekka inn bagasjen og susa rundt på tax free'n, og tok ein matbit. William var pling våken heile bilturen, og eg såg jo for meg det marerittet på flyplassen med ein overtrøtt toåring. Men du verden, så snill han var! Han holdt ein av oss jentene i handa eller satt i vogna heile tida. Når flyet letta så drakk William ein smoothie slik at øregangane var åpne og han slapp å få vondt. Så fort vi var i lufta sovna lillegull og sov heile (!) flyturen på nesten 6 timar! Det var ein stolt, letta og rørt Mamma etter ein slik flytur, det kunne jo ikkje ha gått bedre!

Når vi kom ned og fekk innstallert oss, var det tid for klesskifte. På med shorts og t-skjorte og ut i varmen - trudde vi. Men neida, så fort vi var utafor døra måtte vi inn og skifte igjen. Varmt var det alldeles ikkje! Jakke og langbukse i Egypt?! Guri, så skuffa vi var. Det blåste noko forferdelig dei to fyrste dagane. Så skjer det unngåelige - William stupar på hovudet ut av vogna si, rett på ei steintrapp! Det føltes ut som om livet mitt falt i grus, i det sekundet det skjedde. Eg og William reiste fra vår leilighet og opp til dei andre jentene, for å hente dei til middag. Fra leiligheten gjekk det ei rampe ned, vedsidan av trappa. William stod i vogna, eit resultat av tankeslaushet hos meg, og når eg ska trille ned den lille nedfallsbakken på 1 meter, så ska William ta vekk ein kvist fra ansiktet. Han mister balansen og dett med hovuudet på trappetrinnet av stein. Eg såg alt i sakte film, men ikkje sakte nok til å klare å ta imot han. Han hadde omtrent ikkje detti før eg hadde han i armane og la på sprang. "Nå er han død", tenkte eg. Og turte ikkje kikke ned på han. Han sa ingenting, og eg sprang, hylte og grein som eg aldri he gjort før. Då vi var nesten framme ved hotellet, sei William: Mamma, ikke pinge fojt! "Han lever!", tenkte eg. Nå kan eg sjå ned. Eg sakka tempoet, og kikka ned på han. Blod. Det var alt eg såg! Eg hylte og skreik, og viste følelsar eg ikkje visste eg var i besittelse av. Utafor hotellet traff eg eit nydelig engelsk par, som skjønte at eg trengte hjelp. Jenta sprang inn i resepsjonen og fekk ordna med ambulanse, og gutten støtta meg og sørga for at eg fekk drikke litt. Følelsane som satt i følelsesregisteret mitt løp løpsk og alt bare kom ut. Blod, bandasje, ein forslått liten gutt og ein heilt forferdelig skyldfølelse var det eg satt igjen med. William blei redd av meg, og alle folka som strømte til. Dette skjedde selfølgelig midt i middagsrushet, så det var mange som ville hjelpe.

William ser på meg og sei: "Mamma ikke lei seg?" Herregud, tenkte eg. Nå må eg skjerpe meg. Min jobb er å sørge for å gje William ro og få han til å føle seg trygg. Ta deg for f*** sammen, Marthe! Eg fekk samla meg litt, og sang alle slags sangar for han, for å roe han ned. Nå gjekk det bedre. Etter 25 minutt kom ambulansen, og Karoline blei med. Takk GUD, for det. I ambulansen skulle sjukepleiaren vaske vekk blodet til William, men den lille pjokken var jo så redd. Han skjønna ikkje det sjukepleiaren sa, og i tillegg var jo Mamsen eit vrak. Han kikkar burt på meg, og sei "jedd meg, Mamma!". Eg fekk bytta plass med sjukepleiaren, og fortsatte å vaske. Etter ein lang tur i ambulanse (ingen viker for ambulansa i Egypt, så det tek jo sin tid å komme fram!), blei vi møtt av eit stort team på sjukehuset, som stod klare. Dei er jo hakket galne etter små, lyse guttar, så oppmerksomhet fekk han nok av. William hata det. Han fekk satt inn ei kanyle i hånda, og dei klargjorde for både narkose og CT-scanning. Herrejesus, vi er på sjukehus i bakterienes land! Eg er nå endelig heilt rolig og he konstant augekontakt med lillegull og roar han ned så godt eg kan. Han blir scanna og lagt i narkose. Eg var heilt enig i at han skulle leggast i narkose, for å få best resultat av syinga. Han ville aldri ha roa seg nok med lokalbedøvelse. Eg var dritnervøs, dette var jo fyrste gong han skulle få narkose - ville det gå bra? Det var ein plastisk kirurg som sydde, og eg følte at vi var i trygge hendar. Det tok ein halv time å få sydd panna, og William var i dyp søvn.

Legar og sjukepleiarar kjem heile tida inn for å informere og sjekke tilstanden hans. Her var ingenting tilfeldig og alt blei grundig gjort. Karoline hadde vært ute og handla bleier, våtserviettar og litt snacks, så vi prøva så godt vi kunne å ikkje tenke. Ikkje tenke "kva hvis", for det som skjedde hadde skjedd, og det var ingenting å gjere med. Eg sleit. Det var jo min skyld. Han skal jo ikkje stå i vogna, eg veit jo det så inderlig godt! Han he ikkje hatt for vane å gjere det, men han hadde jo vært så snill heile tida, så eg tenkte ikkje. Rett og slett. Kvar gong eg lukka augene såg eg for meg skrekk-scenarioet. Følte meg som verdens dårligaste og verste mor. Eg, og bare eg, kunne ha forhindra det! Søvnen blei dårlig den natta, der eg låg inntil den lille klumpen. Den lille klumpen med kanyle og intravenøst i handa, den lille klumpen med kutt og sting i panna, den lille klumpen som er mitt ansvar, den lille klumpen som eg ofrar livet mitt for. Den lille klumpen var jo i god behold, det måtte bli mitt nye fokus. Eit kutt i panna og hjernerystelse, var det han kom ut med. Då han vakna halv 7 neste morgo, var han i god form. Ikkje kvalm etter narkosa, og ikkje dårleg etter hjernerystelsen. Alle testar var bra. Ein lettelse bredde over meg.

 På grunn av forsikringa måtte vi vere igjen på sjukehuset klokka 3, då skulle overføringa av pengane skje. Karoline og eg var som to akrobatar, der vi underholdt William. Han skulle holde seg mest mulig rolig, så her måtte vi vere kreative. ENDELIG var klokka 3, og vi fekk reise. Taxituren tilbake til hotellet var eit mareritt! I Egypt har dei ikkje hørt om vikeplikt, fartsgrense, setebelter eller barnesete. I bilen fantes det eit setebelte, så eg satte William på fanget mitt for å få han litt høgare opp. Sjåføren kjørte i 140 km/t, og vi var livredde! Vi skulle egentlig tilbake til sjukehuset på onsdagen for ein sjekk, men eg følte det var ein større risiko å køyre med William, enn å la vere å reise på kontroll. Etter ein samtale heim til Pappa'n var vi enige om å reise på sjekk. Eg snakka med reiseledaren og krevde ein ordentlig sjåfør, som kjørde seint. Onsdagen kom, og vi reiste på sjekk. Alt var fint og dei tok stinga! Ikkje visste eg noko om slik prosedyre, men etter heimkomst har eg hørt at i Norge tek dei stinga etter 10-14 dagar. Det syns, for å sei det slik, at stinga blei tatt altfor tidlig. Det er ikkje det finaste arret eg har sett.

Dagane frå fallulykka til heimreise tilbrakte vi stortsett i leiligheten. William skulle holdast i ro, og ikkje vere ute i sola. Han kunne heller ikkje bade! Dette for å forhindre infeksjonar og stygg arrdannelse. Ikkje akkurat drømmeferien, men som vi har kosa oss - tross alt! På torsdag tok vi ein dag inn til Hurghada by, åt på Hardrock Cafè og rei på kamel. Fredagen gikk til med reise, og igjen - flyturen gjekk som ein drøm. Lillegull hadde seg ein powernap i vogna på flyplassen og var våken heile flyturen. Eg hadde med pc og headset, så han kikka litt på film, men leika for det meste med dei andre ungane. Han oppdaga nemlig den siste dagen at det var norske ungar på samme plass..... Typisk ;o) Det hadde jo han hatt glede av tidligare i veka au!

Det er ikkje så varmt, men på stranda skal vi!

 

William, Mari, Karoline og Tonje

William storkoste seg i sanden! (før ulykka)

Heime fra sjukehuset, og William he fått selskap

Ein hoven William blir mata av servitøren, som syns William åt altfor lite.


Vi rir på kamel :o)






 

TILBAKE FRA...

HURGHADA! Eg, William og tre søte jenter he vært i Egypt på ferie ei veke. Vi har storkost oss! Men, nå ventar utpakking og vasking av alt tøy, så oppdatering fra turen fær komme seinare ein gang. Men, ein ting er sikkert: Det var absolutt ingen problem å ha med 2 åringen - han he vært eksemplarisk! :o)

I to veker nå så skal eg ha praksis, der blir det fullt kjør med forberedelse til undervisning og innlevering av oppgåver. Da blir det nok liten tid til blogging, men den som ser fær sjå ;o) Ønsker alle ei super veke!

Vil DU bli med på dette?

Eg er så heldig å bli sponsa av KVINNETRENING. For dei som aldri he hørt om det, så er det eit fullspekka team av ernæringsfysiolog, personlig trenarar, allmenn lege, motivator, parterapeut og sexolog. Og det beste av alt? DEI FINS PÅ NETT. Og det betyr? Det er for alle! Om du er gammel eller ung, gravid eller mamma, liker å trene på treningsenter eller heime i stoga.

Dei har blant anna eit bredt spekter av treningsvideoar, relevante artiklar og fagpersonar som svarer DEG på spørsmål. Du logger deg inn, velger medlemskap og legg inn all informasjon om deg (som er relevant, selfølgelig..) og forteller om dine mål med trening, høtt du likar, høtt du he gjort før osv. Etter at eg hadde gjort det, fekk eg i løpet av få dagar 2 treningsprogram og forslag til ukesplan. 2 flotte program, der det er mange av øvelsane eg kan utføre uten å forlate leiligheten. Supert på fullstappa dagar!

Du får;

  • Ditt eget treningsprogram

  • Ditt eget kostholdsprogram

  • Tilgang til bildebank av treningsøvelser

  • Fri bruk av treningsfilmer

  • Mulighet til å stille ekspert teamet spørsmål

  • Lage din treningsdagbok

  • Lage dine målsettinger

  • Registrere dine fysiske mål

  • Bruke våre rabattavtaler

  • Benytte deg av diskusjonsforumet

Alt dette for bare 199,-/249,- i mnd, avhengig av medlemskap. Ein veldig overkommelig pris, for investering i egen kropp. Ein har bare ein kropp, og den kan ikkje byttast ut, når den blir ødelagt. Eg kjem til å legge ut oppdateringar fra både trening og kosthold kvar veke, slik at de kan følge med og for at eg ska få "eit spark bak" slik at eg ikkje detter av treningslasset igjen ;o) Høyres dette interresant ut? Meld deg inn på KVINNETRENING sine sider og start treninga NÅ!

DEILIG!

William og eg har tatt vinterferie! Vi er heime på hotell hos Mamma/Mommo i Fyresdal, det passer meg utmerket ;o) Såå deilig å få servert middag kvar dag, og ha muligheten til å ut på kveldstid, etter at sjefen er i seng! Det har resultert i to aktive kveldar med ei venninne av meg, Mari. I tillegg trillar eg mens William søv kvar dag, deilig! Været er ikkje akkurat å skryte av, men det er mildt iallefall. Til helga skal vi på hyttetur med Bestemor, Bestefar, Onkel, Pappa og muligens Tante og Fetter Johan. William gørrgledar seg, og det gjer jammen Mamsen au! :o) Så vi kryssar fingrane for sol og fint vær! 


Sit på dataen til syster mi, og her var ikkje allverdens av bilder. Slenger derfor med eit bilde av ein nyfødt liten William Matheo :o) Tenk at det strax er 2,5 år sidan... *dåner*


KVINNETRENING - EI GOD INFORMASJONSKILDE

Kvinnetrening er aktive bloggerar, og eg les alle innlegg dei publiserar. Det er ein god og informativ blogg, som blant anna tar for seg ulike myter om trening, slanking og kosthold. Dei legg òg ut tips av ulike slag, og ulike treningsvideoar der dei viser øvelsar ein kan gjere. Dersom du vil lese bloggen deires, trykk her.  

Les bloggen deires, så skjønner du fort at dei er seriøse aktørar, som brenner for trening og kosthold. Dei har viet livet sitt til det, og ein slik glede over å mestre trening og kosthold, smittar lett over på hvertfall meg som lesar. Så ta deg ein tur innom, og bli inspirert! Dersom du ønsker å bli medlem, kan du gjere det på Kvinnetrening si heimeside

Eg har forhåpentligvis satt treningsstandaren ut veka i dag, med 1,5 times lang trilletur, og (mest sannsynleg) aerobic med styrke i kveld :o) For meg er det alfa omega å starte veka med trening! 

 

 

INNFØRING AV TIMEOUT

William er jo som 2 åringar flest og he kommi i den berømte trassalderen. Han er relativ enkel å håndtere, men det skjer som regel ved hjelp av avledning (etter tips fra helsesyster). He vært på "jakt" etter sanksjonar, og fant ut at eg hadde lyst til å teste ut "time out". Denne blir jo mykje brukt på "Supernanny", så den kan jo slettes ikkje vere dum. He lest meg litt fram om at 2 minuttar var lang nok timeout for 2 åringar, 3 minuttar for 3 år osv.

Så i dag kom dagen der William skulle ta ein timeout. Benken i gangen blir brukt til "timeoutplass". Eg forklarte han at han skulle sitte der, fordi han ikkje hørte på Mamma, og at eg kom og henta han om litt. Han satt stille og litt fortumla ute på gangbenken, og fekk nok tenkt seg litt om. Etter 2 små minutt så satt eg meg ned til han og spurte om han var snill gutt nå, - og ja, det var han!

Litt spent på om det vil fungere framover òg, eller om han satt der pga "sjokket" ;o) For at timeout skal fungere er det hvertfall viktig å ikkje bruke den opp, og sette han ut for kvar minste ting. Barn er barn, og litt slingrinsmonn må ein jo ha! Eg syns det var litt ekkelt å sette han ut der, men barn treng irettesettelse og korreksjon på uønska atferd. Eg ønsker jo på ingen måte ein uforskamma liten ein ;o)

Bruker du timeout?

Fungerer det?

LITT AV ALT, EGENTLIG...

Eg har, etter mykje om og men, valgt å slette innlegget der eg skreiv om barnehagemat eg fant provoserande. Ikkje for det at eg ikkje stend for det eg har skrive, men fordi emnet var sårt for ein del. Det var mange likesinna og mange som var uenige, slik vil det alltid vere. Fordi det ikkje kom tydelig nok fram at eg skreiv mest på generell basis, ikkje pga matepisoden, så fant eg det mest rektig å la det gå. Eg sletta ikkje innlegget fordi eg var redd for at folk ikkje skulle like meg, langt ifra - slikt bryr eg meg svært lite om. Om folk vil danne seg eit bilde av meg, uten å kjenne meg - værsågod! Eg er meg, og du er du. Men ein av mine hjertesakar vil fortsatt vere sunt og næringsrikt kosthold.

Fekk au kommentar på filming og klipping av Unge Mødre, at det blei glamorisert. Der har eg, så godt det har latt seg kunna, uttrykt meg TYDELIG om akkurat det. Eg har  sagt at både bloggar og TV-program glamoriserar det å gå gravid og ha ungar, at hverdagen slettes ikkje er slik det ofte blir framstilt. Dersom du har sett episodane eg er med i, kjem det fram. Filminga foregjeng au på sommaren, då flesteparten har ferie. På den måten fær ein ikkje fram travle hverdagen med sure ungar og kjefting. I tillegg så blei hvertfall mine dagar med filming lagt opp i intervallar med ca 2-3 timars varighet pr. gong. Dei fulgte meg aldri ein heil dag. For å sitere meg sjølv i lokalavisa: "Eg skulle ynskje eg hadde fått vist litt meir av korleis den faktiske kvardagen vår er, med hektiske morgonar, levering i barnehagen og skulekvardagen min, seier Marthe som meiner at ferietid ikkje illustrerar så godt det som er det verkelege dagleglivet som ung travel mor."

Dersom de meiner at vinklinga er urealstisk og er misfornøyde med klippinga, så bør de heller ta kontakt med Limelight og gje tilbakemelding på det. Eg er fornøgd med min "opptreden" i Unge Mødre, og har kun fått positive tilbakemeldingar på det. Eg ville nok ikkje vært med på ein runde 2, men angrar heller ikkje :o)

Dagane økkes gjeng i ein fei, og eg må ærleg innrømme at blogging ikkje er (har det nokon gong vært?) min store prioritering. William er i storform om dagen, og he i ei god veke slått frå seg litt av trassen! Såå deilig! Nå vil han til og med bli med Mamsen heim fra barnehagen :o) Vi storkosar oss på ettermiddagen fram ti leggetid med matlaging, leiking, litt tv-titting og lesing, før det er bading og kveldsstell.

Håpar alle he, og vil fortsette å ha ei god veke :o) Nå er det snart helg, og den skal brukast til å gjere opptil fleire innleveringar ferdige. Eg må ha det meste unnagjort fort, eg og William skal nemlig på ein ekstra ferie om ikkje lenge! Vi gledar oss kjempe :o)


Bilde av Williamsen, 4 mnd :o)




 

KVINNETRENING

Nå er vi godt inne i den kalde, tunge og triste vintertida. Det er lenge sidan sol og varme, og det er enda lenge til det blir ein realitet igjen. Treningsmotivasjonen kan være tøff å finne, når gradene viser altfor mange blå. Det er ca eit halvt år igjen til ordentlig bikinisesong, og er du slapp i fisken - så har du tid til å stramme opp. Med Kvinnetrening sin hjelp, kan du få sparket bak til å sette i gang! Og - du slepper å reise ut i kaldt og snodekkande vinterlandskap. Dei gjer deg din egen treningsplan (og kostholdsplan) som du kan gjennomføre i din egen stue! Kva er vel bedre enn det? Kvinnetrening er eit team beståande av ein motivator, sexolog,parterapeut, ernæringsfysiolog,  personlige trenerar og allmennlege. Eit fullverdig team, med andre ord! Dei gjer det dei kan for å hjelpe deg fram. Dei har òg ulike rabattavtaler med ulike aktørar. Eit abonnement kostar 199,-/249,- i mnd (avhengig av medl.skap) og har ingen bindingstid. Dersom du, av ein eller anna grunn, ikkje ønsker å fortsette eit evt. medlemskap, så kan du fritt melde deg ut igjen. Derfor oppfordrer eg deg til å utfordre deg sjølv! - Bli medlem og kom i form :o)

Vurderer du? Ta kontakt med Kvinnetrening og snakk med dei!

Foto: Kvinnetrening 

Les mer i arkivet » Mars 2012 » Februar 2012 » Januar 2012
Marthe - livet med ein liten William :)

Marthe - livet med ein liten William :)

22, Fyresdal

Er ei jente på 21 år, som er aleinemamma til William Matheo. Han kom til verden 22.09.09. Her fær du lese om mitt liv som fulltidsstudent, mamma og leilighetseigar :o) Er au å sjå på skjermen i januar 2012, i serien Unge Mødre! :o) Kontakt: xm4rthex@hotmail.com

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits